Senteret sitt bannerbilde
Viktig informasjon om Koronaviruset

Viktig info til alle våre pasientar

13. mars 2020

Myndigheita har innførd store mellombelse restriksjonar i samfunnet for å bekjempe coronapandemien. Dette gjerast med heimel i smittevernslova, for å begrense smitterisikoen til dei mest utsette pasientgruppane våre. Nokre av tiltakane som er innførd er at alle skal halde god avstand til kvarande, karantene etter reise, adgangskontroll i helseinstitusjonar og tilråing om å unngå unødvendig reising inkludert kollektivtransport.

Myndigheita kallar dette ei «nasjonal dugnad», og vi i legesenteret ynskjer å fylgje opp. Vi er opptatt av å ta vare på dei svakaste pasientane våre og ikkje utsette dei for risiko. Samstunda har vi ein enorm pågong for rådgjeving og vurdering i høve til coronasmitte. Vi har og utfordringar knytt til eiget personell i karantene, og ansvar for å planlegge for at ikkje vi kjem i ein situasjon der heile vårt personell vert sjuke eller fråverande av andre grunnar.

Legetenesta innførar derfor ein god del endringar frå i morgon 13 mars og fram til påske.

Vi understrekar at alle som har trong for øyeblikkeleg hjelp vil få legehjelp. Tiltaka er meint for å sikre dette.

 

Dei fleste som har tinga time hos fastlegen fram til påske får nå beskjed om at timen er avlyst. Dei oppfordras til å nytte e-konsultasjon i stedenfor. E-konsultasjon er ein dialog med fastlegen din elektronisk i sikker kanal. Da unngår vi at du må kome fysisk til legekontoret. Veldig mange problemstillingar kan avklaras via e-konsultasjon. Skulle du ha behov for blodprøvar eller annet så kan dette avtalast via e-konsultasjon, så kortar vi ned på tida du treng å vere fysisk på legesenteret. E-konsultasjon startar du på https://helsenorge.no/kontakt-fastlegen   På denne siden kan du også be om å få fornya reseptar så slipper du å sitte i telefonkø.

 

Skulle det oppstå trong for legehjelp så har vi god kapasitet for time på dagen. Vi er veldig nøye på å skilje mellom pasientar som kan ha infeksjonar og andre pasientar. Det er eigen inngong og venterom for infeksjonspasientar, og eigne legar og sjukepleiarar som tar hand om dei som har infeksjonar. Dette for at ikkje vi skal smitte dei som ikkje har infeksjonar. Så vi spør mykje på forhånd om kva symptom du har, og du vil få informasjon om kvar du skal møte opp. Det er viktig at du møtar på rett stad. Vi ynskjer at du oppheld deg kortast mogleg tid på venterommet. Så vi ber om at du ventar i bilen din til akkurat når timen din startar. Alle må nytta handsprit når dei kjem inn og når dei går. Hald minst ein meter avstand til alle andre på venterommet. Må du hoste eller nyse så skal du gjere det i eit papir eller i albogekroken, og straks sprite og så vaske henda dine. Av omsyn til smittefaren har vi fjerna alle leikar og vekeblad frå venterommet.

 

Vi oppmodar flest mogleg om å ta kontakt med oss på fastlegekontoret og ikkje nytte legevakt til generelle spørsmål og lettare sjukdom som kan vente til neste dag.

 

Vi synar til informasjon frå myndigheita når det gjeld sjukmelding i denne tida. Det er berre pasientar som er sjuke som kan få sjukmelding. Det er andre ordningar for dei som må vere heime på grunn av karantene eller stengde skuler eller anna. Ikkje kontakt oss om dette.

Fastlege skriv bare legeattestar på forhold som gjeld di helse og sjukdom. Erklæring for avbestilling av reisar grunna andre årsakar enn eigen akutt sjukdom, stadfesting av kva yrke du har mm er ikkje en fastlegeoppgåve.

 

«coronatelefonen» vil fortsette for dei som er redde for at dei er smitta, telefon 966 25 320

 

Med helsing Austevoll Legesenter.

Sjølvmord og sjølvmordstankar.

8. januar 2020

Har du sjølvmordstankar, eller er du bekymra for ein av dine næraste? Våg å snakk om det! Ta kontakt med oss. Sjå også fana "vald-overgrep-sjølvmord" for meir informasjon og hjelp. Du er ikkje aleine!

BRUKERUTSTYR

4. desember 2019

På legesenteret kan du hente ut brukerutstyr.

Det er anonymt, ingen spørsmål eller registrering.

Det henger ein plakat på korleis ein skal gå fram for å få henta ut brukerutstyr. Desse heng på toalettet på legesenteret og på legevakten.

Du kan òg hente utstyr hos :

  • NAV
  • RUSKONSULENT
  • HELSESTASJON FOR UNGDOM

Aldersgrense 18 år

Krav om å legitimere seg i banken.

13. november 2019

Vi er kontakta av Sparebanken Vest grunna mange henvendingar frå kundar skal legitimere seg i banken (lov om kvitvasking)

Gyldig legitimasjon er: gyldig pass, førarkort utstedt etter 01.01.1998 eller bankkort med bilde frå anna bank.

Dersom du ikkje har dette, og av helsemessige grunnar ikkje kan skaffe deg dette (klarar ikkje reise til Stord/Fyllingsdalen for å fornye passet ditt) må du ha legeerklæring.

Våre fastlegepasientar kan få dette hos oss. Ta kontakt på telefon. Merk at det bare er om helsa hindrar deg i å reise til passkontoret at vi kan skrive attest.

Vi skriv attest utan legetime for dei som er over 80 år og der vi har nok opplysningar frå før til å vurdera helsetilstanden. Andre må ha time hos legen.

Prisen for legeattest utan time er sett ned til 200kr (vanleg pris 650 kr for attestar) Ekspedisjonsgebyr og fakturagebyr kjem i tillegg viss ikkje du hentar attesten på legesenteret.

Pris for attest med time er 650 kr.

Skabb

13. november 2019

Det er ein del tilfelle av skabb i kommunen. Du får time på daglegevakta til undersøking og rådgjeving dersom du mistenkar skabb. Sjå info: kommunen sine nettsidar om skabb

 

Influensavaksina er her.

21. oktober 2019

Austevoll Legesenter startar opp med influensavaksinering av risikogrupper frå måndag 21 oktober.

Pris for vaksine er kr. 250,-

Risikogrupper er:

  • Alle over 65 år
  • Gravide i 2.og 3. trimester
  • Personar med hjarte-, lunge-, nyre- og leversjukdom, diabetes og nevrologisk sjukdom.
  • Personar med svekka immunforsvar
  • Personar med BMI over 40

Er du usikker på om du høyrer til ei risikogruppe, kontakt Austevoll Legesenter.

Vaksina kan du få satt på Austevoll Legesenter alle kvardagar frå kl. 08.30 - 14.00.

Me har også tilbod om vaksinering :

Austevollbadet : Tirsdag 22. oktober kl. 12.00 -14.00

Bekkjarvik Brygge (glasshuset) : Torsdag 24. oktober kl. 10.00 - 14.00

Kun kontant betaling ved vaksinering i Austevollbadet og Bekkjarvik Brygge

nye prisar på attestar og reisevaksine

30. august 2019

Vi justerar prisane våre

Attestar kroner 650 (førarkort mm)

Reisevaksinering kroner 650 for rådgjeving/bestilling

Sjømannsattest og offshoreattest kroner 1500

Hugs siste dose med HPV vaksine!

3. april 2019

Til deg som får gratis HPV vaksine: hugs å ta alle dosane!

Kvinner som av ulike årsaker ikke rekker å fullføre vaksinasjon innen 1. juli 2019 må betale for resterende doser selv, hvis de ønsker å være full­vaksinert.

Er du usikker om du har tatt alle eller når du skal ta siste dose? Logg deg inn på Helsenorge.no og sjekk på "mine vaksiner". Du skal ha 3 doser HPV vaksine. Det må gå minst 5 månader mellom 2. og 3. dose (gjer ikkje noko om det er lengre tid)

Nye digitale teneste ved Austevoll legesenter

7. desember 2017

No kan du kontakte Austevoll legesenter via sida "min helse" på helsenorge.no

Her kan du og legesenteret på ein trygg måte snakke saman. Tenestene som tilbys er:

-still legesenteret eit spørsmål

-ting ein time hos fastlegen din

-be om å få fornya resepter

-ha ein elektronisk konsultasjon med fastlegen din

Obs at konsultasjon hos fastlegen digitalt kostar det same som å kome til legesenteret på time (gebyr for utsending av faktura kjem i tillegg) Og det kan kun nyttast for oppfølging av kjende problemstillingar som du og legen har snakka om tidlegare.

Sjå nettstaden https://helsenorge.no/ og velg "min helse".

Ny nettstad med informasjon om vald og overgrep

7. november 2017

overgrep.no er ein ny nettstad med informasjon om vald og overgrep. Sjå og vår fane om vald og overgrep for meir informasjon. Ta kontakt med oss på legekontoret, vi kan hjelpe.

 

Gratis HPV vaksine for kvinner fødd 1991 og seinare

17. oktober 2016

Frå november 2016 kan kvinner fødd 1991 og seinare som ikkje er vaksinert mot HPV få gratis vaksine. I Austevoll kan du få vaksina på Storebø Legekontor. Det er sjukepleiar som set vaksina. Du treng ikkje tinga time på førehand. Timen er gratis.

Alle kvinner fødd 1991 og seinare får fra hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram. Oppstart av programmet blir i november 2016. Vaksina anbefalast til unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og forstadier til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive vert smitta i løpet av livet, oftast i ung alder.  Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokre får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65­-100 døyr av sjukdomen. Vaksina kan gje beskyttelse sjølv om ein har debutert seksuelt.   

HPV-vaksine har vært ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7.klasse sidan 2009. Fra hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner født 1991 og senere også få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er mellombels og varar i ein toårsperiode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser gitt i løpet av 6-12 månader og må derfor startast opp innan utgongen av 2018.

Ny kampanje frå Kripos om vald i nære relasjonar

16. oktober 2015

Hvor lite skal du finne deg i?

Politiets nye informasjonskampanje for å forebygge vold i nære relasjoner Hvor lite skal du finne deg i? skal gi økt kunnskap om tematikken og hva politiet kan bistå med, slik at voldsutsatte kan søke hjelp og komme ut av den voldelige situasjonen. Satsningen er en del av Justisdepartementets handlingsplan Et liv uten vold (2014–2017). Mange grove kriminelle handlinger kommer ikke til politiets kjennskap. Kun om lag 25 prosent av kvinnene som utsettes for grov vold anmelder forholdet, ifølge tall fra Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS).

Det er en grunnleggende menneskerett å leve et liv uten vold eller frykt for vold. Derfor er det en viktig oppgave for politiet å redusere omfanget av vold og trusler.

Starter med forelskelse Kampanjekonseptet Hvor lite skal du finne deg i? handler om å tenke over ting på en ny måte. De fleste relasjoner starter med forelskelse og kjærlighet – derfor er evnen og viljen til å bortforklare og tilgi hos mange voldsutsatte helt naturlig, men også en stor utfordring. Spørsmålet er ikke hvor mye du skal finne deg i, men hvor lite.

- Mange finner seg i alt for mye. Vi vet at det kan være vanskelig å komme seg ut av et voldelig forhold, og volden opphører ofte ikke uten hjelp utenfra. At politiet blir koblet inn kan hindre nye hendelser, sier prosjektleder Raymond Thorsen, politioverbetjent ved Seksjon for seksuallovbrudd i Kripos.

Et samfunnsansvar Vold i nære relasjoner er ikke en privatsak, men et samfunnsansvar og et prioritert kriminalitetsområde. Politiet ønsker med denne kampanjen å bygge ned barrierer mellom publikum og myndigheter, og styrke samarbeidet med andre aktører, slik at flere voldsutsatte tar kontakt og får hjelp når det trengs.

Vi på legekontoret seiar: det finnast ingen grunn til å godta vald

Er du utsett for vald eller truslar frå dine næraste? Eller kjenner du nokon som er det? Du kan få hjelp. Snakk med fastlegen din, eller sjå kampanjenettsiden: www.hvorlite.no

nytt telefonnummer til legevakten!

24. august 2015

 

 

Frå 1. september så får alle legevakta i Noreg eit nytt felles telefonnummer til legevakt.

Det gjeld og for:

Austevoll legevakt

116117

Vi treffes på hundre- og - seksten hundre – og - sytten!

 

Når du treng legehjelp: Kven skal du ringja?

 

Fastlegen din i opningstida

Legevakt 116117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan venta

113 når det er akutt og står om liv