Senteret sitt bannerbilde

Klage på tenestar

Vi gjer oppmerksam på at pasientar har rett til å klage om dei meinar det er skjedd noko feil eller om tenesta ikkje held god nok kvalitet. Det er forskjellege ordningar for klagehandsaming alt etter kva det gjeld og kor alvorlege fyljgar det har fått.

Om du er misfornøgd med tenestane til legekontoret, ynskjer vi gjerne å høyre om det. Skriv eit kort brev til oss med kva du er misfornøgd med og kvifor, så vil vi ta kontakt med deg. Brevet sendes til Kommuneoverlege Inger Uglenes, Storebø Legekontor, 5392 Storebø. Vær vennleg ikkje bruk e-post til personopplysingar av tryggleiksgrunnar.

Om du har forslag til korleis vi kan drive betre service overfor pasientane våre, så sett vi og veldig pris på å få høyre dette.

Om du meinar det har skjedd ein feibehandling hos legen som har fått helsemessige konsekvensar, så har du og høve til å klage til fylkesmannen si helseavdeling (fylkeslegen) Send ein skriftleg klage til Fylkesmannens helseavdeling, Postboks 7310, 5020 Bergen. Send gjerne ein kopi til legekontoret eller den legen det gjeld. http://www.fylkesmannen.no/hordaland

Pasient- og brukarombodet i Hordaland kan og hjelpe deg i forhold til dine rettar som pasient. Sjå deira nettside

https://helsenorge.no/pasient-og-brukerombudet/hordaland#Om-oss

Om du har vore gjennom ein behandling hos lege eller på sjukehus og det har skjedd ein uventa svikt/feil eller resultatet er blitt uventa dårleg slik at det har fått alvorlege fylgjer for helsa og økonomiske konsekvensar, så kan ein ha rett på erstatning. Ta da kontakt med Norsk Pasientskadeerstatning, se www.npe.no . Fastlegen din kan hjelpe deg å søkje.