Senteret sitt bannerbilde

Prisar

Austevoll Legesenter følgjer normaltariffen som er vedteke av myndigheita og legeforeningen i samarbeid. Sjå lenke under.

https://helsenorge.no/betaling-for-helsehjelp/betaling-hos-lege

I tillegg må du betale om du får medisinar, vaksinar og anna utstyr.

Ved utsending av faktura vert det gebyr. Faktura sendast av Melin Collectors, telefon  21627300.

Du får frikort automatisk i posten når du passerar grensen for denne. Om du har betalt inn for mykje så får du automatisk att frå Helfo. Så om du får rekning frå kommunen men meinar du har frikort, skal du likevel betale rekninga, så får du pengane att.

Me må sjå frikortet ditt på legekontoret for at den kan registrast, det held ikkje berre å seie at du har.

Merk at det er forskjellig eigenandel om legen du går til er spesialist eller vanleg lege

Attester, vaksinering med meir kjem ikkje med på frikortet. Prisane for 2017 er som følgjer:

Førerkortattest:   kr 600

Generelle helseattestar av andre typar: kr 600

For attester til forsikringsselskap får vi vanligvis betalt direkte frå selskapet.

Ta gjerne kontakt med legekontoret om du har spørsmål om betalingen.

Barn under 16 år betalar ikkje eigenandel hos lege. Men de må betale for medisinar og materiell. Dei må og betale for reisevaksinering og helsesjekk/attest