Apotek 1 Løven i Bergen vil sende medisin heim i postoppkrav til dei som ikkje kjem seg til apotek for å henta medisinen sjølv. Dette er korleis du gjer det:

1) du må ha gyldig elektronisk resept på medisinen frå fastlegen din.

2) du må sjølv ta kontakt med apotek 1 Løven i Strandgaten i Bergen (telefon 55214010) og avtale om at medisinen vert ekspedert og sendt heim til deg i posten.

3) dersom medisinen ikkje kjem frem eller det er feil må du sjølv kontakte apoteket og be dei ordne opp.

Legekontoret kan ikkje bestille medisinen for deg eller etterlyse om det ikkje kjem fram.