Myndigheita har innførd store mellombelse restriksjonar i samfunnet for å bekjempe coronapandemien. Dette gjerast med heimel i smittevernslova, for å begrense smitterisikoen til dei mest utsette pasientgruppane våre. Nokre av tiltakane som er innførd er at alle skal halde god avstand til kvarande, karantene etter reise, adgangskontroll i helseinstitusjonar og tilråing om å unngå unødvendig reising inkludert kollektivtransport.

Myndigheita kallar dette ei «nasjonal dugnad», og vi i legesenteret ynskjer å fylgje opp. Vi er opptatt av å ta vare på dei svakaste pasientane våre og ikkje utsette dei for risiko. Samstunda har vi ein enorm pågong for rådgjeving og vurdering i høve til coronasmitte. Vi har og utfordringar knytt til eiget personell i karantene, og ansvar for å planlegge for at ikkje vi kjem i ein situasjon der heile vårt personell vert sjuke eller fråverande av andre grunnar.

Legetenesta innførar derfor ein god del endringar frå i morgon 13 mars og fram til påske.

Vi understrekar at alle som har trong for øyeblikkeleg hjelp vil få legehjelp. Tiltaka er meint for å sikre dette.

 

Dei fleste som har tinga time hos fastlegen fram til påske får nå beskjed om at timen er avlyst. Dei oppfordras til å nytte e-konsultasjon i stedenfor. E-konsultasjon er ein dialog med fastlegen din elektronisk i sikker kanal. Da unngår vi at du må kome fysisk til legekontoret. Veldig mange problemstillingar kan avklaras via e-konsultasjon. Skulle du ha behov for blodprøvar eller annet så kan dette avtalast via e-konsultasjon, så kortar vi ned på tida du treng å vere fysisk på legesenteret. E-konsultasjon startar du på https://helsenorge.no/kontakt-fastlegen   På denne siden kan du også be om å få fornya reseptar så slipper du å sitte i telefonkø.

 

Skulle det oppstå trong for legehjelp så har vi god kapasitet for time på dagen. Vi er veldig nøye på å skilje mellom pasientar som kan ha infeksjonar og andre pasientar. Det er eigen inngong og venterom for infeksjonspasientar, og eigne legar og sjukepleiarar som tar hand om dei som har infeksjonar. Dette for at ikkje vi skal smitte dei som ikkje har infeksjonar. Så vi spør mykje på forhånd om kva symptom du har, og du vil få informasjon om kvar du skal møte opp. Det er viktig at du møtar på rett stad. Vi ynskjer at du oppheld deg kortast mogleg tid på venterommet. Så vi ber om at du ventar i bilen din til akkurat når timen din startar. Alle må nytta handsprit når dei kjem inn og når dei går. Hald minst ein meter avstand til alle andre på venterommet. Må du hoste eller nyse så skal du gjere det i eit papir eller i albogekroken, og straks sprite og så vaske henda dine. Av omsyn til smittefaren har vi fjerna alle leikar og vekeblad frå venterommet.

 

Vi oppmodar flest mogleg om å ta kontakt med oss på fastlegekontoret og ikkje nytte legevakt til generelle spørsmål og lettare sjukdom som kan vente til neste dag.

 

Vi synar til informasjon frå myndigheita når det gjeld sjukmelding i denne tida. Det er berre pasientar som er sjuke som kan få sjukmelding. Det er andre ordningar for dei som må vere heime på grunn av karantene eller stengde skuler eller anna. Ikkje kontakt oss om dette.

Fastlege skriv bare legeattestar på forhold som gjeld di helse og sjukdom. Erklæring for avbestilling av reisar grunna andre årsakar enn eigen akutt sjukdom, stadfesting av kva yrke du har mm er ikkje en fastlegeoppgåve.

 

«coronatelefonen» vil fortsette for dei som er redde for at dei er smitta, telefon 966 25 320

 

Med helsing Austevoll Legesenter.