Alle kommunar skal frå 1. januar 2016 ha tilbod om øyeblikkelig hjelp døgntilbod. Det vil seie at nokre pasientar som treng sjukehusbehandling kan få behandlinga her i kommunen i staden for å måtte reise på sjukehuset. Behandlinga går føre seg på eit spesialinnreda rom på Austevoll Pleie- og omsorgssenter. Fordelen med å få behandlinga her og ikkje på sjukehuset er nærleik til pårørande, du får einerom og mykje meir ro enn på sjukehuset.  Du får tett oppfylging av sjukepleiar og lege og det er mykje mindre fare for å pådra seg sjukehusinfeksjonar. Kvaliteten på behandlinga skal vere like god eller betre. Tilbodet er eit samarbeid mellom Austevoll Kommune, Aleris Omsorg A/S og Helse Bergen Helseføretak. Personalet har fått særskild opplæring. Vi vonar at tilbodet skal vere til glede for innbyggjarane våre!