Det vert nokre utskifting i personalet hos oss. Legesekretær Laila Waage går av med pensjon. Vi lysar ut hennar stilling nå som sjukepleiar, for vi treng fleire sjukepleiarar på legekontoret.

Dr. Kjell Arne Bergstrøm flyttar til Bekkjarvik legekontor og tar over for Dr. Rørtveit. Så kjem Dr. Inge Arve Birkeland inn i Bergstrøm sin stilling her på Storebø frå 1ste august. Dr. Birkeland har arbeidd hos oss tidlegare, han er frå Austevoll. Han er spesialist i allmennmedisin og samfunnsmedisin og er ein dyktig og hyggeleg lege. Du som har Dr. Bergstrøm til fastlege no får automatisk Dr. Birkeland til fastlege, du treng ikke  gjere noko sjølv.

Så har vi fått melding frå Dr. Bjørstad at ho no ynskjer å flytte heim til Nordhordaland etter å ha arbeidd hos oss i 8 år. Dr Thomas Ingebrigtsen byrjar i hennar stilling frå nyttår. Dr. Trygve Moe er vikar på hennar liste inntil da

Vi ynskjer Laila Waage til lykke som pensjonist, Dr. Bergstrøm og Dr. Bjørstad til lykke med nye oppgåve og ynskjer Dr. Birkeland hjarteleg velkommen.