Frå november 2016 kan kvinner fødd 1991 og seinare som ikkje er vaksinert mot HPV få gratis vaksine. I Austevoll kan du få vaksina på Storebø Legekontor. Det er sjukepleiar som set vaksina. Du treng ikkje tinga time på førehand. Timen er gratis.

Alle kvinner fødd 1991 og seinare får fra hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram. Oppstart av programmet blir i november 2016. Vaksina anbefalast til unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og forstadier til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive vert smitta i løpet av livet, oftast i ung alder.  Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokre får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65­-100 døyr av sjukdomen. Vaksina kan gje beskyttelse sjølv om ein har debutert seksuelt.   

HPV-vaksine har vært ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7.klasse sidan 2009. Fra hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner født 1991 og senere også få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er mellombels og varar i ein toårsperiode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser gitt i løpet av 6-12 månader og må derfor startast opp innan utgongen av 2018.