Senteret sitt bannerbilde

Vald og overgrep


Av og til kan livet vere vanskeleg for deg eller for dei du er glad i. Ta kontakt med legekontoret, vi gjer alt vi kan for å hjelpe deg. Viss ikkje vi kan hjelpe sjølv så kan vi vise veg vidare til rette stad.

Er du,  eller er nokon du kjenner,  utsett for vald, overgrep eller lever i frykt for nærståande person: ektefelle, sambuar, foreldre, barn eller andre? Har du vore utsett for incest eller valdtekt?

Utset du andre for vald eller overgrep?

 

Våg å snakk om det!

Vi vil gjerne høyre på deg. Du er ikkje aleina, og det er kanskje noko som kan gjerast for å betre situasjonen?

Ta kontakt med fastlegen din, eller ta kontakt med fastlegekontoret og be om ein prat med Kommuneoverlege Inger Uglenes.

Du kan og kontakte Barneverntenesta, Politiet,  NAV eller Helsestasjonen.

Det finnast og mange ressursar  som du kan sjå på for informasjon og oppfylging.

Overgrep.no

Dette er ei informasjonsside om vald og overgrep med oversikt over kva rettar som finnast, korleis melde sakar med meir.

KRISESENTER

Er du utsett for fysisk eller psykisk vald eller overgrep og har trong å kome deg vekk, så har krisesenteret eit tilbod til deg. Austevoll har avtale med krisesenteret i Bergen. Du kan ta kontakt med oss på legekontoret, med sosialkontoret eller du kan ta kontakt med krisesenteret sjølv direkte. Telefon 55315050.

Sjå nettstaden Krisesenteret i Bergen

Krisesenteret har tilbod for alle både menn og kvinner.

 

 

Senter mot incest og seksuelle overgrep i Hordaland

 Austevoll Kommune har avtale med SMISO. Her kan du ta direkte kontakt viss du treng oppfylging/behandling, viss du ynskjer rettleiing og viss du som utsett, pårørande eller fagperson ynskjer informasjon. Du treng ikkje tilvising frå lege.  

 

Din utvei

Dette er ein nasjonal nettstad der både du som er utsett for vald, og du som har utøvd vald eller er redd for å utøve vald eller begå overgrep kan få informasjon. Her er også ein spørsmål-svar teneste

 

Psykisk sjukdom 

Kjenner du nokon med som slit med sjølvmordstankar? Det kan vere vanskeleg å vite kva ein skal gjere, særleg om personen sjølv ikkje ynskjer å søkje hjelp. Høyr gjerne med oss på legekontoret. Sjå også denne nettstaden som har mykje god informasjon:

Kjenner du noen med selvmordstanker?

Viktige telefonnummer:

Mental helse hjelpetelefonen mental helse: tlf 116 123

Kirkens sos kirkens sos tlf 22400040

 alarmtelefonen for barn og unge tlf 116 111