Viktig informasjon om Koronaviruset
Bannerbilde som viser noe helserelatert

Austevoll Legesenter

Her kan du kontakte oss trygt og enkelt

Bilde som representerer legekontoret

Dette er nettsida til Austevoll Legesenter. Her finn du informasjon om oss. Du er velkomen til å ta kontakt med oss på SMS, via nettstaden, via app og på telefon.

https://helsenorge.no/kontakt-fastlegen kan du bestille time, fornye reseptar, starte elektronisk konsultasjon med fastlegen din og kontakte legesenteret for pasientreiser med meir.

Austevoll Legesenter held til i Austevoll Helsehus på Birkelandsvegen 6, 5392 Storebø. Vi tek i mot pasientar som står på våre fastlegelister til vanlege timar. I tillegg kan alle som oppheld seg i nærområdet ta kontakt ved skadar eller akutt behov for legehjelp på dagtid.

Vi har daglegevakt/time på dagen, men då ynskjer vi at du ikkje sendar sms eller tingar på nett. Ta kontakt på telefon 55081050, tast 1. Då er vi sikre på at du får rett hjelp til rett tid.

Vi gjer merksam på at når du har time på daglegevakten så er legen i beredskap og må rykkje ut ved ulykker og akutt sjukdom. Det vil då kunne bli ventetid. Vi ber om forståing for dette.

Legetenesta i Austevoll har som mål å gje god og fagkyndig pasientbehandling basert på tillit og respekt.

Koronatest og vaksinespørsmål

18. juni 2021 kl. 13:34

Austevoll legesenter har koronatesting for dei tilfella kommunen har ansvar for å teste. Dette er:

Dei med symptom, eller som mistenkar at dei kan ha covid

Dei som har vore i situasjon med mogleg smitte (nærkontakt, varsel på smittestopp app)

Dei som er pålagd testing etter reise eller mens dei er i smittekarantene.

Personar som skal på fritidsreisar utanlands eller på konserter m.v. og må ha koronatest eller helseattest før utreise frå Noreg, er ikkje dekka av det offentlege. Austevoll Legesenter har ikkje eit tilbod om slike testar. Du må ta kontakt med private aktørar eller reisemedisinklinikkar.

 

Treng du koronatest og høyrar til prioriterte grupper skal du kontakte legekontoret på telefon 55081050. Ring før klokken 1145 viss du treng test same dag. Vi testar måndag til fredag klokken 1300.

Koronatelefonen er ikkje lenger i bruk.

 

Lurer du på informasjon om koronareglar ved reise, karantene, arrangement m.v skal du ikkje ringe til fastlegekontoret. Det er informasjon på helsenorge.no, og der har de chat funksjon og du kan ringe informasjonstelefon 815 55 015

 

Lurar du på noko om koronavaksine og koronapass skal du heller ikkje ringe fastlegekontoret. Sjå Austevoll Kommune sin nettstad for oppdatert informasjon. Oppdatert informasjon om koronavaksinasjon i Austevoll per 18. juni - Austevoll kommune Du vil bli kontakta når det er din tur for vaksine. Ta kontakt med kommunen sitt sentralbord telefon 55081000 viss du ikkje finn svar på dine spørsmål på nettsidene.

 Austevoll Legesenter tilbyr ikkje Janssen vaksine.

Sjølvmord og sjølvmordstankar.

8. januar 2020 kl. 09:34

Har du sjølvmordstankar, eller er du bekymra for ein av dine næraste? Våg å snakk om det! Ta kontakt med oss. Sjå også fana "vald-overgrep-sjølvmord" for meir informasjon og hjelp. Du er ikkje aleine!

BRUKERUTSTYR

4. desember 2019 kl. 15:12

På legesenteret kan du hente ut brukerutstyr.

Det er anonymt, ingen spørsmål eller registrering.

Det henger ein plakat på korleis ein skal gå fram for å få henta ut brukerutstyr. Desse heng på toalettet på legesenteret og på legevakten.

Du kan òg hente utstyr hos :

  • NAV
  • RUSKONSULENT
  • HELSESTASJON FOR UNGDOM

Aldersgrense 18 år