Fastlegetenesta har open som vanleg. For at du som pasient skal føle deg trygg på smittevern hos oss, har vi fylgjande reglar:

 Dersom du er i karantene eller isolasjon på grunn av covid, er nærkontakt eller har vore på reise i utlandet må du ringe oss før timen, telefon 55081050.

Viss du har forkjøling, hoste, feber, tungpust, nedsett lukte- og smakssans eller mistanke om covidsjukdom må du ringe oss før timen, telefon 55081050

Ta kontakt med legesenteret på førehand for å tinga time, også til blodprøvar mm. Du kan ta kontakt på helserespons, på Helsenorge.no eller på telefon.

Vi ber om at du ventar ute i bilen til 2 minutt før du har time. Slik at ikkje venterommet er fullt.

Alle pasientar skal sprite og utføre handhygiene når dei kjem inn til oss

Pass på å halde minst ein meter avstand

Hoste/nyse i armkroken.

Forsøk å bruke kortast mogleg tid inne hos legen. Ta gjerne kontakt elektronisk på førehand og forklar kva det gjeldar slik at legen er førebudd.

Vi tilbyr også videokonsultasjon med lege. Du gir beskjed at du ynskjer dette når du tingar time.

Hjarteleg velkommen til oss!